Det var trist å høyre at Arvid nå hadde rusla, etter å ha slite med sjukdom siste åri. Det var jamt triveleg å treffe og rø med Arvid, sjølv om me ikkje var vidare snakkesalige nokon av oss! Anten det var i skiløypa på Skafsåheii eller i familielag. Sist på sjukeheimen var det ikkje lett å kommunisere, men gode smil fekk eg. - Arvid var flink til å møte på syskenborn-treff me laga til, frå 1985 og frametter, og han framførte der også eigne dikt og fortalde litt frå diktarlivet. Mange syntes nok mange av dikta hans var litt "rare", men etterkvart fekk me meir og meir sans for dikta - og kunne og kjenne oss att i mange av dei. Eg bur sjølv i heimkommunen hans Tokke, og ser kvar dag diktet hans "Sju svingar upp" dvs. svingane upp Eidsborgberget.! Og me blei stolte av å vera i slekt med han, og krye av den anerkjenning han fekk frå sine diktarkollegaer og litteraturverda elles.
Takk for det du var Arvid, kvil i fred. Tenkjer på dykk alle i familien.